Anmeldelse: Disaster In The Universe og NRWY

Fredag 18. september var det duka for semesterets første konsert på Kronbar, då NRWY og Disaster in the Universe gjesta scena på studentpuben. Med ca. 130 billettar seld på førehand og med ein ivrig promotering av konserten, vanka det ein gnagande mistanke om attpåklattar i døra, som ein seie på godt norsk. Bandet som hadde tatt på seg oppgåva med å gjere publikum varme i trøya og klam i hakket for kvelden, var femmannsbandet NRWY.

NRWY:

NRWY. Foto: Lars Kristian Steen
NRWY. Foto: Lars Kristian Steen

Bandet går på rundt 21:35 og allereie er det ein del folk å sjå i salen, men diverre er det ikkje heilt fullt. Då dei sett i gong første låt, er det ikkje til å stikke under ein stein at dette kjem til å bli eit show fylt med energi. Dette er noko publikum legg merke til då dei sakte men sikkert vågar seg nærare scena. Her var det å sjå fem særs dyktige musikarar som kosa seg på scena og utviste god scenetekke, samstundes som dei leverte god energisk rock. Trommeslagaren imponererte underteikna i særskild grad. I tredje låt vert det eit lite stemningsskifte, då dei roar ned tempoet eit par hakk, med det ein gjerne kan klassifisere som ei god singellåt. Det skal også nemnast at tangentspelaren var høggravid, men det syntes ikkje å påverke innsatsen på scena. Imponerande greier.

Med tanke på lyden var det litt å hente, då med unntak av trommene og bassgitaren som kom godt fram i lydbilete utan at det blei for mykje. Vokalen var i noko varierande styrkegrad, då den i eine augneblikket kunne verke noko svak, for så å plutseleg verke litt for høg. Gitarane var diverre altfor låge i lydbilete, då særs leadgitaren. Dette gjorde at fleire av gitarsoloane var vanskeleg å høyre og i nokre tilfelle hadde eg ikkje trudd det var gitarsolo, hadde eg ikkje vore klar over det på førehand.

DISASTER IN THE UNIVERSE:

Disaster in the universe.  Foto: Lars Kristian Steen
Disaster in the universe.
Foto: Lars Kristian Steen

Utover kvelden vert mikrofonstativa dekorert med det som kan sjå ut som palmer, ein eller annan form for plante er det i alle fall. Bandet går på scena rundt kl. 22:50 iført varierande grad av kroppsmaling, noko fleire i publikum også har dekorert seg med. Saman med røykelse på scena, palmer på stativ, kroppsmaling og eit statisk lysshow i form av ein farge per låt, klarar bandet å skape ei heilt særeigen atmosfære eg ikkje har sett på Kronbar før. Det musikalske uttrykket til bandet står i høg grad i stil med sceneshowet og verken publikumsfrieri eller scenetekke er det noko å utsette på. Vokalist Dosser Brandt annonserer at bandet er der for å ha det gøy, noko som syns gjennom heile konserten.

Det er tydleg at dette er dyktige musikarar som er gode på det dei gjer, men for mi eiga del vert det musikalske noko gjentakande og til tider keisamt i starten. Dette er ikkje ei meining publikum ser ut til å dele, då stemninga i salen er på topp gjennom heile konserten. I tredje låta fungerer blandinga av reggae, pop og rock på sitt beste. Det musikalske blir noko meir variert utover kvelden.

Saman med røykelse på scena, palmer på stativ, kroppsmaling og eit statisk lysshow i form av ein farge per låt, klarar bandet å skape ei heilt særeigen atmosfære eg ikkje har sett på Kronbar før.

Det er ikkje altfor mykje å utsette på lyden, utanom ein litt for skarp vokal samanlikna med resten og ein gitarlyd som vert gøymd vekk i ny og ne.

Mot slutten av konserten vert det skoten ut konfetti og heve ut bananar, noko publikum set stor pris på, medan personalet på Kronbar sukkar oppgitt, mindre nøgd dei altså. Alt i alt henta det gode sceneshowet og atmosfæren inn det som mangla litt i det musikalske, dermed vert det ei god liveoppleving.

Author: Nadim Khadoor