Anmeldelse: Jaga Jazzist

Fredag den 29. januar trossa Jaga Jazzist, USF Verfet og konsertpublikum stormen «Tor» for ein storslått konsertoppleving. Jaga Jazzist er eit eksperimentelt band frå Tønsberg, som blandar inn element frå både jazz, rock og elektronisk musikk.

Dette er ein kombinasjon som fungerte særs godt på scena og sjølv om det ikkje var heilt fullt på Verftet, verka det som om publikumet som var der storkosa seg. Lyden for kvelden var også til å applaudere, med ni stykk på scena og eit massivt lydbilete skal det godt gjeres å få ut ein så bra lyd.

Som nemnd over var det heile ni musikarar på scena, der ingen var noko særleg overflødige. Kombinasjonen av synth, gitar og blåserekke verka heilt naturleg, samt særs spennande. Med ein dyktig trommeslagar i botn, blei dette ein fornøyelig og interessant konsertoppleving. Det er ingenting å utsette på ferdighetene til musikarane, men med eit så stort lydbilete er det lett for at små detaljar i musikken kan forsvinne. Musikken er stort sett utan vokal og i lengda kan dette få det heile til å verke noko repetativt, men utan at det blir keisamt. Lyset på scena var det mykje av og det stod godt til musikken.

Dette var ein fin måte å bruke fredagskvelden sin på og alt i alt er eg godt nøgd med konserten, ikkje stort meir å seie enn det.

Author: Nadim Khadoor