Anmeldelse: Opeth

Fredag 9. oktober fyldes sardinen på USF Verftet med både svartkledd publikum, og dei med finstasen på, for å sjå ingen mindre enn Opeth. Metal-Sveriges stolthet tok turen til Bergen for å feire 25-års jubileum som band.

Stemninga vart satt med ein gong ein kom inn i lokalet, med gullbelagde lysestakar plassert rundt om på scena og ei lyssetting som komplimenterte dette godt. Det var ingen oppvarmingsband fredagskveld, for Opeth har bestemt seg for å ferie jubileum i storslått stil. Med to rundar på 80 minutt, pluss ein halvtimes pause imellom (og godt var det), er det sjeldan ein får så god valuta for pengane sine.

Vokalist Mikael Åkerfeldt på en annen konsert. Foto: Ukjent, åpen deling.
Vokalist Mikael Åkerfeldt på en annen konsert. Foto: Ukjent, åpen deling.

I løpet av det første 80 minutt lange settet, spelte dei albumet «Ghost Reveries» i sin heilhet, noko eg ikkje kunne vore meir nøgd med, då dette er eit av mine personlege favoritt album. Dette gjorde dei på ein meisterleg måte, og fekk verkeleg bekrefta kor dyktige musikarar dei er. Vokalist og gitarist Mikael Åkerfeldt hadde si vanlege framtoning på scena, med ein tørr, halv-arrogant humor som stiller ein fin kontrast til musikken. Blant anna forsikrar han publikum om at det er greitt at dei har fått litt innabords, for det er tross alt fredag. Medan dei spelar har bandet ein særeigen energi som i samband med det musikalske gjer at publikum vert ståande i ein slags transe. Plutseleg bryt ein ut av den for å nikke på hovudet (les: «headbanging»), for så å like plutseleg gå tilbake til den same transetilstanden. Etter å ha spelt gjennom albumet tek dei ei velfortent pause, men lovar å komme tilbake like sterkt etterpå.

Sett nr. 2 består av både låtar frå nyare album og gamle klassikarar, som gjer at både nye og gamle fans får det dei vil ha. At bandet allereie har spelt tilsvarande ein komplett konsert syns ikkje, då dei heldt oppe energien frå tidlegare. Det syns at bandet kosar seg med dei eldre låtane sine så vel som dei nye, det same kan ein sei om publikum.

I starten av første sett er det tendensar til ei noko ubalansert lydmiks, men dette blir raskt retta på i løpet av første låt. Ettersom låta varer i 10 minutt og 29 sekund, har lydteknikaren god tid på seg. Resten av konserten gjekk fint for seg med tanke på det tekniske. Som nemnd ovanfor fekk ein stor valuta for pengane sine denne fredagskvelden, då Opeth leverte ei særs minneverdig konsertoppleving.

For dei særs interesserte var setlista som følgjer:
Ghost Reveries (1. set):

  1. Ghost of Perdition
  2. The Baying of the Hounds
  3. Beneath the Mire
  4. Atonement (med gitar- og keyboardsoloar)
  5. Reverie/Harlequin Forest
  6. Hours of Wealth
  7. The Grand Conjuration
  8. Isolation Years

Andre set:

  1. Eternal Rains Will Come
  2. Cusp of Eternity
  3. The Leper Affinity
  4. To Rid The Disease
  5. I Feel the Dark
  6. Harvest (Berre refrenget to gonger, der berre publikum song)
  7. Voice of Treason
  8. Master’s Apprentice

Ekstra låt:

  1. The Lotus Eater

 

Author: Nadim Khadoor