Anmeldelse: Set One’s Cap, Hvitmalt Gjerde og Team Me

Laurdag 22. august blei Campus Kronstad transformert til konsertarena for å runde av det ein mildt sagt kan kalle ei fargerik fadderveke. Været er ikkje dårleg, men sola skin heller ikkje. Kl. 19:30 opnar dørene, ein og annan sjel byrjar å sige inn på plassen og det byrjar sakte men sikkert å sjå ut som eit konsertområde. Det er god stemning blant dei få som til no har plassert seg framfor scena. Dei er klare for kveldens oppvarmingsband «Set One’s Cap».

Set One´s Cap

Set One´s Cap. Foto: Kevin Berge, BTS Foto
Set One´s Cap. Foto: Kevin Berge, BTS Foto

La meg starte sjølve anmeldelsen med å sei at dei som valde å komme litt seinare og dermed gjekk glipp av «Set One’s Cap», gjekk også glipp av kveldens store overrasking, les positiv, i alle fall for underteikna sin del. Bandet frå Oslo som for første gong spelte i Bergen, kasta ikkje vekk mykje tid før dei satt i gong settet sitt. Med ein klangfarge eg berre kan beskrive som rocka gladpop, med innslag av 70-tals inspirerte gitarsoloar og varm 80-tals synth, klarte dei å trekke til seg meir og meir publikum fram mot scena. Høgdepunktet kom då dei spelte den nye singelen deira «Like a Stone», som fastslo at dette er eit band ein gjerne skal halde utkikk etter.

Hvitmalt Gjerde, foto_Kevin Berge, BTS Foto
Hvitmalt Gjerde. Foto: Kevin Berge, BTS Foto

Hvitmalt Gjerde

Etter ein relativt kort changeover, er neste gruppe på scena «Hvitmalt Gjerde», dette har fansen deira fått med seg og populasjonen framfor scena aukar. «Hvitmalt Gjerde» speler det eg vil kalle bergensk surferock som verkeleg trekker på dansefoten, for det gjorde det i aller høgaste grad, både hjå publikum, dei arbeidande og underteikna. Bandet treff på nokre tekniske problem i form av eit munnspel som ikkje fungerer og eit mikrofonstativ som veltar, men dette syns ikkje å legge dempar på stemninga, og som vokalist Johannes Fjeldstad sjølv sa: «Det går fint, det er jo rock n’ roll». Dei avsluttar settet sitt med ein coverlåt, «Aldri i livet min venn» som gjer stor allsang faktor på plassen. Konserten blir noko repetativ for min smak og det var litt å hente på trommelyden som drukna litt i lydbiletet til tider, men ikkje i så stor grad at det tok noko fornøyelse ut av konserten.

Team Me

Team Me på scenen. Foto: Kevin Berge, BTS Foto
Team Me på scenen.
Foto: Kevin Berge, BTS Foto

Til slutt går «Team Me» på scena, og det er ikkje før dette at plassen verkeleg byrjar å fylle seg opp. Det er ikkje lenger lyst i lufta, noko som setter stemninga til den siste konserten for kvelden og ein får vist fram scenelyset i sin fulle prakt. «Team Me» leverer det dei sjølv beskriver som overdriven stor orkestrert popmusikk, noko eg sjølv kan seie meg einig i. Dei har innslag av ein slags elektronika som i kombinasjon med resten klarar å gje det heile ein organisk følelse. Scenetekke og energi er det veldig lite å sei om, for utan om at dette har bandet mengder av. Til tider kunne det vere tungt og seigt, som var ein fin kontrast til eit noko «lettare» lydbilete, ein positiv ting altså. Personleg likte eg godt trommeseksjonane i fleire av låtane, der både trommeslagar og perkusjonist gav konserten mykje driv. Stemninga for kvelden nådde sitt høgdepunkt under den siste låten og publikum var meir enn nøgd etterpå. Som nemnd ovanfor har «Team Me» eit stort lydbilete, noko som kan vere utfordrande for ein lydtekniker, då detaljar i låtane gjerne kan forsvinne litt i veggen av lyd som kjem dundrande ut av høgtalarane. Dette var også tilfelle under laurdagens konsert, då det til tider kunne bli vanskeleg å skilje nokre av detaljane i låtane frå kvarandre.

Alt i alt ein god konsertoppleving og ein verdig avslutning på fadderveka.

Author: Nadim Khadoor