– Bandet visar at dei er eit av Noreg sine meir interessante artistnamn

Fredag den 26. februar var det duka for storslått releasekonsert med Comet Kid som slapp albumet «Halley» tidlegare i år. Det Oslobaserte bandet har haldt på sia 2013 og hadde allereie to album under vingane før «Halley». Dei har etablert ei stor fanbase, noko som atterspegla seg då konserten var utseld i god tid før sjølve konsertdagen.

Bohrsdagsbarna. Foto: Lars K. Steen.
Bohrsdagsbarna. Foto: Lars K. Steen.

Oppvarminga for kvelden var Bergensbandet Bohrsdagsbarna, som leverte ei god blanding av pop, funk og hip hop med både rap og melodiøs vokal. Med god energi på scena og eit særeige musikalsk uttrykk, fekk dei publikum godt i gong før Comet Kid skulle på scena.

Stemninga i lokalet haldt seg høgt heile vegen fram til Comet Kid, då den skaut i taket allereie ved første Comet Kid-låt. Dei har ein energi på scena mange utøvarar kan vere misunnelege på og viser at dei er dyktige musikarar. Publikum får servert låtar frå det nye albumet, samt eldre hits som «Psycopath» som for øvrig er ein av mine favoritt låtar frå bandet. Medan det er god energi blant bandet og blant publikum, saknar eg litt inkludering av publikum større delar av konserten. Mot slutten derimot endra dette seg, og publikum blei som ein del av showet, særs då vokalist Andreas Kjøll stod midt blant publikum og song i ein av låtane. Bandet visar at dei er eit av Noreg sine meir interessante artistnamn, med andre ord ein særs god konsertoppleving denne fredagskvelden.

Dette var ein konsert kor eg følte Kronbar gjekk frå å vere «studentpuben» til å verkeleg etablere seg som ein seriøs konsertarrangør i Bergen. Sjølv om dei har mange gode konsertar under beltet, var det for meg denne som beviste det.

Author: Nadim Khadoor