Den store juleøltesten

I juletida finn ein både julegraut, -brus, -kaker og -marsipan. Det skal ikkje mangle på juleprodukta ein tek inn i heimen i adventsmånaden, og kva er vel høgtida utan noko godt i glaset? Juleølet har lang tradisjon i den norske julefeiringa og me i Kontrast1.no er glad i tradisjonar.

I den samanhengen satt me saman eit panel på seks ølkjennarar, eller i alle fall seks stykk som likar øl, for å utføre ein smakstest på eit lite utval juleøl. Panelet bestod av Ingvild Tømmervåg, Simon Drønen, Pernille Bucher-Johannessen, Hanne Cecilie Sagen, Grete Iren Grønner og Nadim K. Khadoor.

Aass juleøl. Foto: Pernille Bucher-Johannessen
Aass juleøl. Foto: Pernille Bucher-Johannessen

Aass juleøl:

Ikkje eit dårleg alternativ, men heller ikkje eit veldig godt eit. Kunne til tider minne litt om ein utvatna IPA, som kan vere positivt dersom ein likar slik. Alt i alt ingenting å skrive heim om. Fint design på boksen. Denne fekk fire julegraner.

Paneldeltakarar sa:
«Ok. Fin boks, blei raskt tam» – Simon Drønen
«IPA-ish. God ettersmak. Flott design! Heilt ok.» – Ingvild Tømmervåg
«Mindre smak, mild. Fint design, blir leit etter kvart» – Hanne Cecilie Sagen

 

 

Ringnes juleøl. Foto: Pernille Bucher-Johannessen
Ringnes juleøl. Foto: Pernille Bucher-Johannessen

Ringnes juleøl:

Ingen av deltakarane var spesielt glade i denne ølen. Med ein litt beisk ettersmak og merkeleg brunfarge på boksen falt den ikkje i smak hos nokre av deltakarane. To julegraner til Ringnes.

Paneldeltakarar sa:
«Design: 2. Sterkare smak + ettersmak, meir krydra.» – Grete Iren Grønner
«Ringnes er ut. Too much!» – Pernille Bucher-Johannessen

 

 

 

Hansa juleøl toppet tronen i vår test. Foto: Pernille Bucher-Johannessen
Hansa juleøl toppet tronen i vår test. Foto: Pernille Bucher-Johannessen

Hansa juleøl:

Ein av testens favorittar. Ingen store overraskingar i smaken, minna om Hansa pils med ein liten smak av karamell. Kunne mangla litt på smaken, men designet var elegant. Heile fem julegraner til Hansa juleøl.

Paneldeltakarar sa:
«Lite smak, fint design, men Hansa! (tommelopp)» – S. Drønen
«Fin Flaske! Smaker Hansa egentlig, mild og god. Litt lite julesmak?» I. Tømmervåg

 

 

 

Hansa julebrygg er godkjent av oss. Foto: Pernille Bucher-Johannessen
Hansa julebrygg er godkjent av oss. Foto: Pernille Bucher-Johannessen

Hansa julebrygg:

Enda ein av testens favorittar (me får ikkje betalt av Hansa, me lover). Dei aller fleste i panelet likte denne, men nokre unntak var de. Det var enten elsk eller hat. Med sterkt krydra smak og flott lilla boks sikra den seg oppe i toppsjiktet av julegrana, men nådde ikkje heile vegen opp, altså fem julegraner til Hansa julebrygg.
Paneldeltakarar sa:
«Woho! Munnorgasme!» – S. Drønen.
«Mykje smak, må drikkes utan å vere mett. Hat/elskforhold» – P.B. Johannessen
«Sterkt krydra, julete, kraftig, Design: 5» – G. I. Grønner.

 

 

Foto: Pernille Bucher-Johannessen
Foto: Pernille Bucher-Johannessen

Haand nissebrygg:

Ein noko beisk øl, med dårleg ettersmak. Lander midt på treet. Namn og design falt i smak hos alle deltakarane. Tre julegraner.

Paneldeltakarane sa:
«God lukt, søt flaske. Eg likte den, uansett kva dykk seier!» – I. Tømmervåg
«Genialt namn og design. Blomster og bier, ikkje god.» – H.C. Sagen
«Beisk som faen, men betre enn Ringnes» – Nadim K. Khadoor

 

 

Foto: Pernille Bucher-Johannessen
Foto: Pernille Bucher-Johannessen

Ægir julebrygg:

Kanskje testens store skuffelse i forhold til forventningar. Nokon i panelet likte den særs godt, medan den ikkje rakk heilt heim til jul hos andre. Krydra smak, men alt i alt noko tam. Flaska var i det minste fin. Fire julegraner.
Paneldeltakarar sa:
«Litt smak av gløgg og tannkrem? Skuffande tam smak» – N.K. Khadoor
«Fin flaske. Her skjer det noko rart, litt svak. Veldig nøytral og lite ettersmak.» I. Tømmervåg

 

 

 

Foto: Pernille Bucher-Johannessen
Foto: Pernille Bucher-Johannessen

Tuborg juleøl:

Denne, på lik line med Ringnes, fall ikkje i smak hos panelet. Mykje smak, men ikkje nødvendigvis god smak. Etikken fall heller ikkje i smak hos nokon. To julegraner.

Paneldeltakarar sa:
«Forbinnes ikkje med jul, men snø. Mykje smak med ein gong» – H. C. Sagen
«Søt, rar blomst. Kvalmande,» – G.I. Grønner

 

 

 

 

Author: Nadim Khadoor