Ein prat med Mañana Mango

Nadim Khadoor  –  Musikkjournalist  –  redaksjonen@kontrast1.no


Dei tre jentene i Mañana Mango har sjarmert mangt eit publikum i Bergen med flott vokal og gitarspel. Dei har spela på alt ifrå jam på Kronbar til Rosettball for avgangsstudentar på Høgskulen. Gruppa består av Trine Pernille Høst, Emilie Marlow og Katrine Ness, alle tre syng og speler gitar. Dei har no vore i studio og spela inn fleire låtar som dei skal gje ut no mai månad. I den forbindelse har eg vore så heldig å få høyre på låtane i forkant, som har vore noko av det mest avspelte i mine øyretelefonar dei siste to vekene.

Nokre av låtane har eg høyrd dei spele på scena, då i ein mindre besetning, medan dei på innspelinga har lagt til fleire instrument og detaljar i låtane. Der låtane frå før av var gode og velkomponerte, er dei no med det lille ekstra blitt forma til særs flotte låtar som bør ha fast plass på spelelista.

Dei tre jentene har individuelt flotte stemmer som komplimentere dei andre på ypparleg måte. Der det instrumentale er godt gjennomført, er vokalharmoniane for meg høgdepunktet på EP-en og det som gjer Mañana Mango til det dei er. Låtane er særs godt arrangert. Det som slår meg er at det kan følast storslått, men samstundes utruleg jordnært. Dette er mykje på grunn av tekstane som ein i stor grad kan relatere til. Det rangerer frå det herleg melankolske til det lett humoristiske i tematikken og det fungerer særs bra. Låtane «Klipppen» og «Sjømannshymnen» sett seg igjen som to av mine favorittar, dei er også to av dei meir melankolske låtane. Ein kan vente seg ein ny Mañana Mango låt kvar tysdag i mai som til slutt skal samlast til ein EP. Den første av desse singlane er «A4», som blei sluppen i går, 2.mai. Dei har med seg fleire musikarar på EP-en:

– Sondre Brudvik, trommer.
– Tor Anders Eri, bass.
– Anders Bjelland, el-gitar.
– Jens Kristian Mørkeby Rimau som produsent.

Eg har også vore så heldig å få eit lite intervju med trioen heime i stova til Trine Pernille. Te blir servert, opptakaren blir slått på og intervjuet er i gong.

MananaMango på Kronbar
Har du tatt dette bilde? Send oss en melding så skal vi få navnet ditt her.

Kan de fortelje litt generelt om gruppa? Korleis blei den til?
Etter ein kort stillheit får Emilie ordet.
– Emilie: Me traff kvarandre på Høgskulen i Bergen, på Landås. TP (Trine Pernille) måtte lære seg å spele gitar. Så laga me ein julesong.
– Trine Pernille: Eg kunne tre grep, så kunne spele gitar!
– Emilie: Så etter eit par år, så blei det band. Me satt i eit øvingsrom og så gjekk me ut av det øvingsrommet. Me spelte i kantina på open scene.
– Katrine: Me byrja på Kronbar.
– Emilie: Å var det på jam på Kronbar?
– TP: Ja me gjekk rett frå øvingslokalet bort på jamen.
– Emilie: Stemmer det! Då var det gjort.

Kor lenge spela de saman før de bestemte dykk for å gå vidare med dette?
– TP: Me hadde eit lite prosjekt oppe på Landås.
– Emilie: Det var den julesongen.
– TP: Emilie og eg hadde ikkje eksamen til jul, så me fann ut me ville prøve å lage ein song. Så blei det litt god stemning ut av det. Så då me prøvde oss på jam på Kronbar blei det godt mottatt og me fekk inspirasjon til å prøve litt vidare. Det var jamen som gjorde at me satsa litt.
– Emilie: Ja det er jo eigentleg det.

Er dette det første dykk spelar inn?
Etter litt diskusjon frem og tilbake om dei skal nemne tidlegare innspelingar, blir dei einige om å svare nei.
Emilie: Me har prøvd oss litt tidlegare.
TP: Ja me spelte inn to engelske låtar blant anna «Fly». Me gav ikkje dei ut fordi me fann ut at me ville spele på norsk.

Alt er eigenkomponert?
– Ja det er det, svara dei i unison.

Korleis er den kreative prosessen dykkar?
Alle tre ler litt før Trine Pernille tek ordet.
– TP: Den er vel stort sett rotete.
– Katrine: Den er ikkje berre rotete!
– Emilie: Det har vel vore litt forskjellig. Det byrjar gjerne med at nokon kjem med ein låt, så sett me oss ned og synger. Deretter bygger me opp låta saman, arrangements messig. Alle har tatt ansvar for sine stemmer og sine gitar deler.

Så det er eit samarbeid heile vegen?
– Emilie: I alle fall med den musikalske utforminga. Eg har skrevet litt, TP og Katrine har jobba ein del saman med musikk. Eg klare ikkje heilt å jobbe saman.
Dette får ho til å flire litt, før ho vidare seier:
Låta «A4» er eit mosaikk prosjekt!
TP: Ja det var Katrine sin melodi.
Katrine: Ja akkordane i alle fall.
TP: Så var det min og Emilie sin tekst blanda saman.
Katrine: Det er den einaste me har laga saman 100% med tanke på komponeringa. Dei andre blir arrangert saman. Det er ingen av oss som kjem med eit ferdig arrangement. Ein kjem gjerne med ei skissa av låta i form av akkordar og tekst, så tek me det derifrå.
Emilie: «Reis deg opp» for eksempel har me spelt i tre år no og skrudd på den fram til no.

Kven er det som skriv tekstane? Er det alle tre?
Katrine og Trine Pernille konstaterer at det er Emilie som skriv mesteparten av tekstane.
Emilie: Ja eg hadde så mykje frå før av.
Katrine: Det er vel du som har kome med flest ferdige songar.
TP: Det er vel også sånn at Emilie kjem med dei brutale sanningane og det triste. Medan me kjem med mest fjas.
Emilie: Sånn som «Drømmemannen», det er veldig sant det også, men litt meir lettsindig.

Kor lenge har dykk heldt på med innspelingane?
–  Katrine: To veker i studio der me spelte inn. Så tok det si tid med miksinga.
TP: Me er jo ganske kresne.

Kven er det som har miksa låtane?
Katrine: Det er Jens Kristian Mørkeby Rimau i Broen Studio. Han er vel produsenten vår kan ein seie. Me byrja i Februar og mastringa var ferdig ca. to veker før påskeferien.
TP: Det tek tid!

Ja de er vel gira på å sleppe den første låta?
Katrine
: Me har hatt eit ganske avslappa forhold til heile prosessen. Fekk mail på måndag og svara på søndag.

Det kan jo vere ein ganske krevjande og til tider keisam prosess, korleis var det for dykk?
TP: Me budde så å seie i studio i to veker alle saman.
Emilie: Det tek tid, men me koste oss med mykje kaffi og sjokolade.
TP: Stearinlys
Katrine: Og Politisk ukorrekt.

Er låtane spela inn «live» i studio, der alle tre spela samtidig?
Katrine: Alt er spelt inn med click. Det har variert kven som har byrja og har me bygd låtane opp lag for lag.
Emilie: Så kom Jens Kristian og la litt magisk krydder her og der.

Ja det er mange fine detaljar som komplimenterer låtane veldig godt.
– TP: Han er ein tryllekunstar. Drog fram instrument eg aldri har sett før.

Kva er planane framover no?
Katrine: Me er ikkje så flinke til å planlegge eigentleg.
Emilie: Me har veldig fokus på den komande månaden, mai.
TP: Det blir mango-mai! Planen er at det blir gitt ut ein låt kvar tysdag i mai, som til slutt blir samla til ein EP

Kvar skal de gje ut låtane?
Katrine: Alle digitale strøymetjenester så vidt eg har forstått det.
TP: Ja kva enn det betyr. Me skal nok drikke litt sjampanje 2.mai.
Emilie: Så må me miksa den berømte drinken Mañana Mango, me må berre finne ut kva som er i den. Er i alle fall mango.

Er det der de har namnet dykkar frå?
Emilie: Det er ein iskrem smak.
TP: Me likte ikkje det førre namnet vårt, så me låste oss inne på eit rom til me kom på noko nytt.
Katrine Det har vore litt miksa responsar til namnet. Nokon tykkjer det er vanskeleg å uttale, nokon syns det er vanskeleg å skrive. Det har vore litt forskjellig; Mango manana, Mango Banana. Mango har blitt ganske godt etablert, men Mañana har forsvunne litt.
TP til Katrine: Det tok jo lang tid før du klarte å uttale det.
Katrine: Eg fekk ikkje lov til å sei det i starten eg.

Så det er berre til å lære seg å både stave og uttale Mañana Mango (/man´ja:na ´mango/), no er det nemleg MangoMai!

 

Bilde på toppen: BTS Foto – Sondre Gjøen, Veronica Moberg & Amund Johannessen.

Author: Nadim Khadoor