Frå festival til trippelkonsert

Med heile tre konsertar på ein kveld fekk Kronbar verkeleg vist hva ho er god for. Fredag 19. februar var det på ny duka for HiB-fest på Campus Kronstad.

Trippelkonserten var eit samarbeid mellom Høgskolen i Bergen, Kronbar, BTS – Studentersamfundet ved HiB og Studentparlamentet ved HiB.

Opphaveleg var det tenkt at arrangementet skulle finne sted inne på sjølve høgskoleområdet med ein festivalføling over det heile, men med eit heller skuffande billettsal såg det noko mørkt ut. Det var snakk om å avlyse det heile, men med ein så god line-up av artistar ville ikkje studenthuset (Kronbar, BTS og SP-HiB) gje opp så lett, noko Høgskolen såg seg einige i.

På berre tre dagar klarte dei involverte å transformere det som skulle vere ein festival, til ein trippelkonsert med nokre av dei meir spennande artistane i Bergen for tida. Arrangementet vart flytta inn på Kronbar, som denne kvelden verkeleg fekk vist fram kva lydanlegget deira kan utrette og kva dei kan få til med konsertscena si. Ein må innrømme å bli imponert over innsatsen til dei involverte på studenthuset.

Då han byrjar å synge, vert eg noko mållaus, for dette var verkeleg ei god stemme. Ein artist med stort potensiale, mykje karisma og med eit band i ryggen som verkeleg kan sakene sine.

Medan nokon vil fokusere på kor mange «deltakarar» det var på facebook-arrangementet, vel eg å fokusere på kor mange som faktisk var der og på sjølve konsertopplevinga, sidan eg faktisk var der sjølv. Det var gjerne ikkje heilt fullt på Kronbar denne kvelden, men dei som var der fekk valuta for pengane. Synd at det ikkje var fleire som fekk denne kvelden med seg.

Saken fortset under bilete.

Great News, foto: Nadim Khadoor
Great News satte trippelkonserten i gong. Foto: Nadim Khadoor

Great News
Første artist for kvelden var trioen Great News som også hadde det mest «rocka» uttrykket av kveldens musikalske innslag. Med vokal, gitar, bass og trommer leverer dei eit lydbilete som er smalt utan å vere lite og startar kvelden med futt. Personleg tykkjer eg det blei noko tamt i midten av settet, men plukka seg absolutt opp i dei to siste låtane. Ei særs positiv overrasking då låtane var som best live på scena, og bandet si utføring var utruleg tight. Ein god måte å starte trippelkonserten på.

dePresno, foto: Eline Engum
dePresno imponerte med ein solid vokalprestasjon. Foto: Eline Engum

dePresno
Artist nummer to, dePresno, tok tempoet ned eit par hakk. Då han byrjar å synge, vert eg noko mållaus, for dette var verkeleg ei god stemme. Ein artist med stort potensiale, mykje karisma og med eit band i ryggen som verkeleg kan sakene sine. Ingenting å utsette på utføringa eller talentet til artistane. Eg må, som vanleg, snakke om mi personlege meining om musikken og i dette tilfellet tykkjer eg det blir vel sakte, samt noko repeterande i lengda. Det skal nemnast at det ikkje verka som publikum delte denne meininga; då eg såg utover deltakarane verka dei trollbunden, så kva veit vel eg.

Miss Tati
Dette var for meg, kveldens store overrasking, då eg på slutten berre kunne tenke «kva i all verda var det? Eg vil ha meir!». Med ei særeiga blanding av soul, funk, hip hop og R&B avslutta Miss Tati kvelden med stemninga på topp blant publikum. Skyhøg karisma, sjølvtillit og publikumstekke var noko av det som gjorde det heile så fornøyeleg, samt ei stor vokalprestasjon og særs dyktige musikarar. Ho avsluttar hovudsettet med den nyaste singelen sin «Don’t let go», i tillegg til eit ekstranummer. Personleg gler eg meg til neste gong ho skal spele live.

Miss Tati, foto: Nadim Khadoor
Miss Tati sto for kveldens overrasking. Foto: Nadim Khadoor

Author: Nadim Khadoor