Fredagsprofil1: Eigil Hole Lønning

 

Skjermbilde 2015-08-14 kl. 17.02.25

Kven er du?

Eigil Hole Lønning. Eg er 25 år og går mitt tredjeår på lærarutdanninga. Synger i mannskoret Arme Riddere, er velferdspolitisk ansvarleg i Studentparlamentet, og sitter i arbeidsutvalet i Velferdstinget.

 

Har du ete frukost/lunsj, i så fall kva?

Begge deler. Til frukost hadde eg rundstykke med fårepølse og avokado. Lunsj ete eg no. Pasta og kylling, og litt fetaost for at det skulle verte meir eksotisk. Fattigmannskost.

 

Kva planer er lagt for helga?

På fredag skal eg trene litt. På laurdag skal eg synge i bryllaup til ein ven. Til slutt skal eg trene og vere fyllesjuk på søndag. Likar å gjere mest muleg før søndagen slik at eg vertfall har ein fridag i veka.

 

Kva er din draummejobb?

Forfattar, helst romanforfattar. Har alltid draumt om det sidan eg var liten. Elskar å lese bøker.

 

Dersom du kunne dratt på ferie kvar som helst i verda, kvar hadde du dratt?

 

Det må vere Alaska. Der er det fantastisk natur og fulle lakseelver.

 

Kva dyr ville du vert på denne destinasjonen og kvifor?

Ikkje laks vert fall. Det må verta ørn, mange flotte fjell å fly i der.

 

Kven er ditt forbilde?

Mamma. Ho er eit skikkelig hardbarka kvinnfolk med bein i nasen, men god som berre mødre kan vere.

 

Kva person ønsker du å gje ein ekstra merksemd til?

Sigve Gokstad. Kjempekar, ein av mine betre vener. Stillar alltid opp for meg når eg treng det.

 

Kva hending denne veka vil du vie ein ekstra merksemd? (eigenopplevd eller nyheitsrelatert)

På måndag vart eg valt inn i arbeidsutvalet til Velferdstinget.

 

Kva er du mest stolt av å ha mestret denne veka?

Pedagogikken i middelalderen. Det er vanskelig å finne noko som helst om emnet.

 

Kva er ditt ultimate tacotriks?

Veldig straight forward på tacoen. Eit triks er ikkje å søla på skjorta. Eg er ikkje god på det, men det er eit triks.

 

Korleis ser ei perfekt helg ut for deg?

Ei ny bok eg har gleda meg til lenge, og elles bruka tida mi på kva eg vil. Kanskje ein fest på fredagen med gode vener.

 

Kva er kjekkast med å syngje i kor?

24 totalt forskjellige menneske kjem i lag med ei felles interesse. Ein får mange gode vener. I tillegg er Arme Riddere et showkor, og eg er ganske glad i merksemd.

Author: Simon Drønen