Fusjon = Studentombod

Studentombod har vore ein hjartesak for studentpolitikarene lenge. Vestlandshøgskulen leverar.

Det vart nyleg kjend at Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund skal fusjonere og bli Vestlandshøgskulen. I sin avtale om gjennomføring av fusjon, lovar dei studentombod til studentane.

Eit studentombod er ein uavhengig person med juridisk kompetanse, som studentane kan henvende seg til for å få råd og bistand i sakar som angår deira relasjon til høgskulen.

Studentane har jobba for studentombod lenge, og nyleg vedtok Norsk Studentorganisasjon at dei ynskjer lovfesta studentombod. I organisasjonen var det store diskusjonar om studentombodet skal ha juridisk kompetanse eller juridisk forståing. Dei vart til slutt einige om kompetanse.

Fredrik Bødtker, leder for Studentparlamentet ved Høgskolen i Bergen. Foto: Martin Furland
Fredrik Bødtker, leder for Studentparlamentet ved Høgskolen i Bergen.
Foto: Martin Furland

Leiar for studentparlamentet ved Høgskolen i Bergen, Fredrik Bødtker, er nøgd med at studentombod er tatt med i fusjonsplattforma.

– For Studentparlamentet har studentombud vore ei viktig prioritering i fusjonsarbeidet. Denne prioriteringa har vi delt med studentdemokratia på HiSF og HSH. Vi er veldig glade for at dette er inkludert i plattforma.

Kvifor er det viktig at studentane har tilgang til studentombod?

– Eit studentombod vil arbeide for at studentane ved ein fusjonert høgskule får ivaretatt rettane dei har krav på. Erfaringar frå andre universitet og høgskular synar behovet for eit studentombud hjå oss óg. Ein fusjon vil føre med seg store omorganiseringar. Ved å ha studentombod på plass frå dag ein, vil studentanes rettar vere sikra frå starten.

Bakgrunn: Velkomen til Vestlandshøgskulen

Les også: Vil ein fusjon skape landets mest nøgde studentar?

Universitetet i Bergen har hatt studentombod sidan 17. august 2015, og NHH sidan januar 2016.

 

Author: Martin Furland