– Dette er ei slik låt som det berre ikkje vert jul utan

Kva er vel jula utan julemusikk? Stjernene skinner, englane dalar og nissegraut skal etast. Det er ingen tvil om at julemusikken har lange tradisjonar i heimar både innanlands og utanlands. Når dei første bjøllene klinger ut frå høgtalarane veit ein at jula nærmar seg. Her er ei liste over fem julesongar i alle fall eg tykkjer er essensielle for julestemninga.

5. Band Aid – «Do they know it’s Christmas»
Skrevet av Bob Geldof og Midge Ure i 1984 med formål å gje oppmerksamheit til dei meir vanskeligstilte i verda, den gong då med særs tanke på sultkatastrofa i Etiopia. Den blei først utgitt som singel med «Band aid 3», men har kommen i fleire versjonar seinare.

4. Alf Prøysen – «Romjulsdrøm»
Visesongar og forfattar Alf Prøysen har mange kjente og kjære låtar, men ingen som varmar hjarta like mykje som «Romjulsdrøm» i juletida. Denne går godt saman med litt peisstund ei julemorgon, med kaffi eller kakao i koppen.

3. The Pogues/Kirsty MacColl – «Fairytale of New York»
Skrevet og framført som ein duett mellom The Pogues frontman Shane MacGowan og Kirsty MacColl. Songen fortel historia om to irske immigrantar som treffes i New York og forelskar seg der. Mannen sit i fyllearrest på julaftan og minnas det turbulente forholdet. Til tider er teksten bitter, men alle gode historier er litt bitre. Kontrasten mellom MacGowan si noko røffe stemme og MacCall si lysare, melodiøse stemme, blir godt framheva av den irske folkemusikken som ligg bak.

2. Oslo Gospel Choir – «En stjerne skinner i natt»
Teksten er skrevet av Eyvind Skeie, medan melodien er det Tore W. Aas som står for. Det er få songar som verkeleg tvinger julestemninga i meg, men dette er ein av dei. Det finnes ein del versjonar av denne låta, men eg har vald Oslo Gospel Choir, sidan det er den første innspelinga og strengt talt ein av dei beste. Når eg høyrer den korte pianointroduksjonen på låta, er ikkje frysningane langt unna.

1. Jussi Björnling – «O helga natt»
Opphaveleg ein fransk låt, «Minuit, Chrétiens» skrevet av Adolphe Adam på 1800-talet. Det er ein nokså kjend engelsk versjon av låta også «O holy night», men for meg er det den svenske versjonen til Jussi Björnling som verkeleg river i hjerterota. Dette er ei slik låt som det berre ikkje vert jul utan, med ein vakker melodi og unekteleg allsang faktor (sjølv om det gjerne er ein solist song). Det skal også seiast at avdøde Jan Werner si versjon av låta kanskje er underteikna si favoritt versjon av låta

Med det ynskjer eg alle lesarar ei fredeleg lille julaftan og ein riktig god jul vidare

 

Author: Nadim Khadoor