Konsertaugust

Medan kveldssola ennå varmar og Bergen viser seg frå si beste side, er ingenting betre enn å tilbringe ein kveld på konsert. Her kjem vår musikkjournalist Nadim sine tankar kring augustkonsertane.

Metallica m/ Meshuggah, 20. august:

Kva kan ein sei om Metallica som ikkje har blitt sagt før? Antakelig ein del, men det er ikkje noko eg skal ta for meg. Det eg derimot kan sei, er at det er eit liveband ein i alle fall burde få med seg éin gong medan ein lever. Med eit publikumsfrieri i særklasse og energi berre ein hyperaktiv 6-åring kan mane fram, leverer Metallica ein live oppleving man burde få med seg. For dei litt tyngre sjelene der ute har dei fått med seg det svenske metalbandet Meshuggah som oppvarming. Langt ifrå ukjend i dei tyngre kretsar og gjerne litt vel tungt for den allmenne musikkinteresserte. Ein skal leite lenge etter ein gjeng med så dyktige og samspelte svenskar og er vel verdt å få med seg som oppvarming til Metallica. Ta turen til Bergenhus Festning 20. august for ein øredøyvande musikkfest.

Lars Vaular, 28. august:

Finn ikkje så mykje å sei om Lars Vaular, heldigvis seie han nok om seg sjølv. Dersom du har vore så uheldig å sett musikkvideoen til «Det ordnar seg for pappa», som for øvrig er ein god låt i seg sjølv, kan det vere verdt å ta turen til Bastionen for å få bilete av Vaular som ballettdansar ut av hovudet. Du får gjerne ei minneverdig konsertoppleving ut av det også, la oss berre håpe han har lagt trikoten heime.

Seigmen, 29. august:

Nei, det er ikkje snakk om ein rad av Laban seigmenn på ein scene med musikk i bakgrunnen, men derimot dei norske rockarane Seigmen frå Tønsberg. Dei gjorde det stort på 90-talet med sin særeigne, upolerte sjanger av rock. Nokon vil gjerne kalle det post-moderne rock, men kan ikkje med sikkerheit sei kva det faktisk betyr. Etter å ha lagt i dvale ei god stund, har bandet vakna til liv igjen i nyare tid. Dei inntar scena på Bastionen og er eit liveband det absolutt er verdt å få med seg.

Andre konserter i august:

18. August – Benjamin Booker, Lille Ole Bull

22. August – The Black Sorrows, Garage

25. August – Kim Larsen & Kjukken, Bergenhus festning – Bastionen

27. August – CC Cowboys, Bastionen

Author: Nadim Khadoor