Konsertfebruar

Februar er over oss, og kva passer bedre enn ein konsert?

7. februar, USF Verfet – An Evening with Steven Wilson:

Foto: Open deling
Foto: Open deling

Den engelske musikaren og produsenten Steven John Wilson er godt etablert i det progressive rockmiljøet, då han kanskje er mest kjend for å vere vokalist, gitarist og etablerande medlem av bandet Porcupine Tree. Han har også samarbeida med mange kjende prog-band som til dømes Opeth, King Crimson, Yes, Jethro Tull, med meir. No turnerar han som soloartist, noko han har hatt stor suksess med og på søndag gjestar han Bergen og USF Verftet. Er man glad i progressiv musikk eller generelt godt utført musikk, er dette noko man absolutt burde få med seg. Konserten er diverre utsolgt, men det er alltids billettar å finne dersom ein leitar godt nok og er du av dei heldige som har billett kan eg berre seie god fornøyelse!

 

Bo Kaspers Orkester @ Gröna Lund, Stockholm, 2014-09-04 Foto: Petter Hellman/Rockfoto
Bo Kaspers Orkester @ Gröna Lund, Stockholm, 2014-09-04
Foto: Petter Hellman/Rockfoto

12. februar, USF Verftet – Bo Kaspers Orkester:

Enten det er jazz, pop, rock eller ein kombinasjon av alle tre, har svenskane i Bo Kaspers Orkester etablert seg som eit stort namn i skandinavisk musikkliv. Her blir det flotte melodiar og sterke tekstar, medan gjerne dansefoten lar rikke på seg. Bandet er for tida aktuelle med albumet «Reda att gå sönder» som har fått blanda tilbakemeldingar, men konsertopplevinga blir nok særs bra.

26. februar, Kronbar – Comet Kid, releasekonsert

Comet Kid slepp sitt tredje album på berre to år, og gjestar Kronbar for å feire albumslipp. Dette er ein konsert ein burde få med seg, då Comet Kid har blitt eit av Noreg sine betre liveband. Eit flott høve til å få med seg det nye albumet som vart sluppen 29. januar  i levande live på scena.

Andre konsertar:
9. februar, Lille Ole Bull – Erlend Ropstad
13. februar, USF Verftet – Daniel Kvammen
16. februar, Lille Ole Bull – Tom Russel
16. februar, Ole Bull Scene – Seinabo Sey
22.-23. februar, Ole Bull Scene – Melissas Horn

 

Author: Nadim Khadoor