Konsertnovember

Fay Wildhagen + Support: Mañana Mango, 13. november:

Fredag den 13. november får studentpuben Kronbar besøk av Fay Wildhagen som har hatt eit stort musikkår så langt, med kritikerrost debutplate «Snow» og ein festivalsumar av dei sjeldne, har ho blitt anerkjend som eit stort talent. Dette er i aller høgaste grad riktig og enda litt til. Terskelen for å gje ut musikk har aldri vore lågare, med alt av utstyr tilgjengelig og ikkje minst den store verds veven som gjer alt av deling enklare enn å ta på seg skoa. Som følgje av dette er også terskelen for å forsvinne blant massane av uoriginale artistar likedan. Difor er det forfriskande med ein artist som Fay Wildhagen som leverer ein noko udefinerbar sjanger av musikk, samstundes som ho utviser eit utruleg talent både på vokal og gitar. Dette kan fort vise seg å bli ein av dei betre konsertane musikalsk sett Kronbar har arrangert.

Det lokale bandet Mañana Mango skal gjere publikum klam i hakket og alle som har sett dei tre damene på scena før, veit at dette er vel verdt å få med seg. Med flotte stemmer, flott gitarspel og innhaldsrike tekstar, bør alle og ein kvar få med seg desse varme opp på fredag.

Team Me + Support: Whales & This Lake, 13. november:

Bandet som avslutta årets fadderveke ved Høgskulen i Bergen tar på nytt turen mellom dei sju fjell, denne gongen til Garage. I tillegg vert det mest sannsynleg den siste gongen dei gjestar Bergen. Førre veke kom det ein noko lei beskjed, Team Me skal nemleg leggje opp etter seks år som band. Det har ikkje blitt gitt noko grunn, men dei skal gjennomføre sin siste turné no. I fadderveka leverte dei ein storslagen konsert som konverterte underteikna til offisiell fan av bandet, og det er ingen grunn til å tenkje at noko anna blir tilfelle no på fredag. Sjølv om dei skal legge opp, reknar eg med at dei gjer dette med stil. Anbefaler alle som ikkje skal på Fay Wildhagen å ta turen til Garage for å sjå Team Me ein siste gong.

Electro-pop bandet Whales & This Lake skal varme opp på Garage. Dei beskriver sjølv musikken sin som «Kvalpop» noko underteikna gler seg til å finne ut kva er.

Team Me held avskjedskonsert på Garage fyrstkommande fredag. Foto: Arnfinn Johnsen
Team Me held avskjedskonsert på Garage fyrstkommande fredag. Foto: Arnfinn Johnsen

 

Det har seg slik at det er fleire konsertdagar i november enn fredag den trettande. Her kjem ei liste over kva det kan vere verdt å få med seg.

12. november:  Todd Terje and the Olsens, USF Verftet

  1. november: Thomas Stenström, Garage
  2. november: Tønes, Ole Bull Scene
  3. november: Gabrielle, USF Verftet
  4. november: Ingebjørg Bratland, Ole Bull Scene
  5. november: Beth Hart, USF Verftet
  6. november: Fjorden Baby!, USF Verftet

 

Author: Nadim Khadoor