Konsertoktober

Enslaved, 3. oktober – USF Verftet

Enslaved_konsertoktober_opendeling

Eit av Noregs største band innanfor metalsjangeren gjestar scena på USF Verftet laurdag 3. oktober. Det Bergensbaserte bandet Enslaved har utvikla seg mykje i løpet av 24 år, frå ein reinare black metal-klangfarge til noko ein kan kalle ekstrem progressiv metal, i mangel på eit betre ord. Med stor musikalsk variasjon kan dei by på ei god konsert oppleving det absolutt er verdt å få med seg, anten man er interessert i sjangeren eller ei. Det relativt nye bandet Tiebreaker varmar opp for kvelden, og kan by på ein god dose hardtslåande rock. Ein fin anledning til å utvide dei musikalske horisontane sine.

 

Opeth, 9. oktober – USF Verftet

Opeth_konsertoktober_bilde_fra_flickr_open_deling

Enda eit tyngre band tek turen til Bergen i Oktober, nemleg det svenske death metal-bandet Opeth. Om ein framleis skal kalle dei death metal kan ein diskutere, då dei også har gått gjennom ei heller omfattande musikalsk utvikling dei 25 åra dei har vore aktive. Dei siste åra har bandet lagt den sjangerdefinerande vokalstilen growling på hylla enn så lenge, og fokusert meir på progressive rock, dette kan ein særs høyre på dei to siste albuma. Ein kan nok vente seg meir ein 70-tals inspirert progrock konsert, enn ein death metal konsert. Dette er eit av mine personlege favorittband, så eg er i alle fall å finne på Verftet den 9. oktober, og vil anbefale alle til å ta turen for å få ein ypparleg musikalsk oppleving med dyktige musikarar.

 

Thea Hjelmeland, 23. Oktober – Logen Teater

TheaHjelmeland_konsertoktober_Foto_AmandaOrlich

No beveger me oss vekk ifrå den tyngre musikken og over i eit noko lettare domene. Når eg då seier lettare, meiner eg ikkje i form av musikalsk kompleksitet, for det er noko du absolutt får med Thea Hjelmeland. I tillegg til å vere ein særs dyktig vokalist beherskar ho ei rekke instrument, deriblant gitar, mandolin, banjo, harpe, piano med meir. Dette breie musikalske spekteret vert atterspegla både på plate og på scena. Nokon vil gjerne sjangersette musikken som indie-pop, men eg tykkjer det vert ein noko enkel klassifisering av den godt varierte klang fargen til Hjelmeland. Eg vel ikkje å sette sjanger på det, men heller la musikken tale for seg sjølv. Saman med dyktige musikarar, vil Thea Hjelmeland levere ei live oppleving ein absolutt burde få med seg.

 

Andre konserter i oktober:

Sherpa, Kronbar, 2. oktober:

Gabriel Rios, Lille Ole Bull, 2. oktober

Luke Elliot, Lille Ole Bull, 6. oktober

Don McLean – The American Troubadour, Ole Bull Scene, 12. oktober

Thomas Dybdahl, Ole Bull Scene, 13. oktober

Brit Floyd, Space & Time World Tour 2015, Grieghallen, 14. oktober

The Waterboys, Grieghallen, 15. oktober

Casa Murillo, Kronbar, 23. oktober

The Wombats, Logen Teater, 30. oktober

Author: Nadim Khadoor