Konsertseptember

«deLillos», 12. september

Det er ikkje berre thrashmetalen i USA som har sine «Big Four», det har nemleg norsk rock også. «DumDum Boys», «Raga Rockers», «Jokke & Valentinerne» og «deLillos» er dei ein referer til når ein pratar om dei «fire store» norske rockegruppene frå 1980-talet. Sistnemnde av dei, nemleg «deLillos», tek turen til Bergen, nærare bestemt USF Verftet. Her er det noko å hente for både gamle og unge, om det skulle vere eit ønske om ein nostalgisk musikkreise, eller kanskje ein vil sjå kva det var gamlingane høyrde på i sine opprørske dagar.  Kanskje ein berre vil høyre god norsk poprock. For det er det du får med «deLillos». Du har mest sannsynleg høyrd låta deira «Neste Sommer», som er ein god peikepin på kva slags stemning du kan få på verftet 12. september.

DeLillos er verd å få med seg. Foto: NRKs bildearkiv
DeLillos er verd å få med seg. Foto: NRKs bildearkiv

«Disaster In The Universe», 18. september

18. september er det duka for semesterets første konsert på Kronbar, studentbaren på Campus Kronstad. Denne fredagen er det «Disaster In The Universe» som gjestar scena på Kronbar. Eit relativt nytt band som kan levere ei blanding av psychedelia, rock, pop og dub. Ein nokså spennande sjangerblanding som fungerer bra på plate og kanskje enda betre live. Eg har sjølv ikkje sett bandet live før, men dersom låtane er ein peikepin på kva du får live, blir dette vel verdt å få med seg. Ta turen på Kronbar den 18. september, det skal i alle fall underteikna.

 

Andre konserter i september:

  1. september: Banditos, Lille Ole Bull
  2. & 12. september: Joan Armatrading, Logen Teater
  3. september: Knut Reiersrud & Billie Van, Lille Ole Bull
  4. september: The Devil & The Almighty Blues, Garage
  5. september: Sigvart Dagsland, Lille Ole Bull

Author: Nadim Khadoor