Nikab-debatten på Høgskolen

Frå byrjinga av semesteret har debatten florert på fleire politiske nivå. No legg me i Kontrast1 fram dei mest bruke argumenta for og mot eit eventuelt forbod mot nikab i høgare utdanningar.

Fleire parti går saman om nikabforbod i høgare utdanningar

Det byrja med at alle sentrum- og venstre-partia i samarbeid med tankesmia Agenda den 10. august la fram ein rapport for korleis å betra integrering. I notatet var det mange forslag på korleis det skal skje, blant anna eit forslag om å forby andletsdekkjande plagg i skulen og som hovudregel i offentlege institusjonar.

Så kjem Arbeiderpartiet etter. Jonas Gahr Støre uttalte seg for Ap slik til NRK tidlegare i haust: «Vi krevjar å få lik praksis i hele landet: at ansiktet skal være fullt synleg under hele utdanningsløpet».
Debatten er òg blitt teke opp hjå ulike institusjonar og debattprogram, av politikarar og studentar.

Debatten i eit nøtteskal

Me ser klare likskapstrekk når det kjem til argumentasjonen i desse debattane, klart retta mot religionsutøving og kommunikasjonsvanskar i samanheng med nikab. Her ser de dei mest sentrale og mest brukte argumenta:

For

Mot
 

Hovudargumentet for eit slikt forbod er at lærar må kunna sjå mimikken til elevane i ein undervisnings- og kommunikasjonssamanheng. Fleire kan oppleva det å ikkje sjå andletet til den andre personen som ein hindring i tillit- og kontaktbygging, ettersom det å vera open er viktig. 80 % av all kommunikasjon som vert motteke i ein dialog ligg i kroppsspråket. Mimikken og andletet har ein stor del i dette.

Å statleg innføra retningslinjer vil gjera det lettare for det institusjonane som innførar forbod, og på den måten gi den støtta dei treng.

Nikab er eit politisk plagg og representerar ein undertrykkande og totalitær ideologi. Det høyrer difor ikkje heime i undervisnings- og kommunikasjonssamanhengar

Eit slikt forbod er eit ledd i integreringspolitikken. Dersom ein vil integrerast i samfunnet må ein vera tilpassingsdyktig.

Andletsdekkjande plagg kan skapa problem i identifikasjonssamanhengar og kan i verste fall legga til rette for identitetstjuveri.

Eit hovudargument mot det eventuelle forbodet ligg i det at nikab er eit religiøst plagg. Det kan vera personlege og religiøse grunnar til at folk går med dette plagget, og det å forby det i ein undervisningssituasjon er å krenka sjølvbestemmingsretten, at det er diskriminering og hindring i religionsutøving.

Å innføra forbod vil vera å innskrenka folkerettane og vil vera direkte statleg innblanding i private sakar, ettersom korleis ein kler seg er ei privat sak.

Ettersom det allereie er lov å leggja ned forbod lokalt vil statleg forbod vera unødvendig med tanke på at det er estimert mellom 10 og 100 som brukar slike plagg.

Forbodet kan dermed verka som ei intolerant ytring og dermed verka mot hensikta si med at for eksempel fleire byrjar med bruken.

Ved å innføra forbod vil resultatet berre bli at dei som brukar nikab ikkje får den utdanninga dei elles ville fått. Forbodet kan difor òg verka mot hensikta si ved at det vil hindrar integrering.

Ulike meiningar på HiB

Torbjørn Tveit er kritisk til eit forbod. Foto: privat
Torbjørn Tveit er kritisk til eit forbod. Foto: privat

Det er bekrefta at det finst mange ulike meiningar ute å går, men har ikkje klart å få ytringar frå alle sidene denne gongen. Torbjørn Tveit (26) er lærarstudent hjå HiB, samt med i Studentparlamentet. Han tykkjer det er bra at dei ulike partia prøvar å einast om konkrete integreringstiltak, men stillar seg skeptisk til eit forbod frå statleg hald når det kjem til høgare utdanning.

– Eg er bekymra for at eit slikt vedtak kan skapa meir polarisering enn integrering. Samstundes ser eg problematikken. Her på høgskulen er det mange profesjonsutdanningar som har obligatoriske praksisopphald.

I denne samanhengen stillar lærarstudenten spørsmål ved kva som er viktig og tillitsvekkande i slike situasjonar.

– Kommunikasjons- og samhandlingsevner er basert på at ein kan byggja opp tillitsforhold til dei ein arbeidar for og mot, og her kan eg dra fram lærar- og sjukepleiarstudentar, der det relasjonelle arbeidet er veldig viktig.

Identitet mot integrering

Samstundes ser han at ein forbod kan bli vanskeleg for nokre med tanke på personlege val og identitetsnærleiken dei kan ha med nikab som eit religiøst plagg. Sjølv om han vel å stå bak integreringsargumentet på «for»-sida, ser han at fleire konsekvensar kan koma ved innføring av eit slikt forbod, som at det kan fungera som presedens for at vidare vedtak kan koma og at Noreg generelt kan verta meir sekularisert.

– Det blir spennande å sjå. Som nemnt, røystar eg bekymringar for eit generelt forbod frå statleg hald. Det kan gjera at dei som nyttar nikab tek avstand frå høgare utdanning i Noreg, som igjen er negativt for integrering. Då har ein spent for på seg sjølv.

Som de kan sjå ovanfor er det fleire som meiner eit slikt forbod vil vere i strid med ulike rettar ein har som student, men dette er lærarstudenten skeptisk til, men ser problematikken når det kjem til diskriminering.

– Når det kjem til studentrettar, regulert av forvaltnings- og universitets- og høgskulelova vil det, etter min kunnskap ikkje gjera det. Når ein svarar på dette spørsmålet tek ein jo òg forbehald om at eit forbod har vorte vekta mot diskrimineringslova. Det trur eg nok vil bli ein kamp.

Debatten fortsettjar

Som me ser er det vanskeleg å setja ei side opp mot ei anna, noko som gjer dette emnet så omdiskutert. Torbjørn Tveit landar sjølv på «mot»-sida av akkurat dette forslaget, men ser ikkje vekk frå forbod.

– Eg er imot forbod frå statleg hald, men for at utdanningsinstitusjonane skal kunne velja sjølv. Det gjer rektorar handlingsrommet dei treng, og gjer dei moglegheiter til å sjå kvar skoen trykkar. Høgskulestyrer kan då fatta vedtak om forbod mot nikab på nokre utdanningar, medan det ikkje vert vekta som naudsynt på andre.

– Ein får sjå langtidseffektar av eit slikt forbod opp mot institusjonar som vel å ikkje ha det, og ein ivaretek integriteten til profesjonar som vedrører omsorgsyrke.

Kva tenkjer du om eit slikt forbod?

 

Bakgrunn:

Arbeiderpartiet vil forby nikab

Tankesmia Agenda om nikab

Meir debatt:

NRK-debatten 29.09.16

Nyhetsuka 07.10.16

Author: Lilly Veim Eikje