Noko nytt av noko gamalt

Om du har hòl i jakkelomma, manglar vottar, eller berre vil utfalda kreativiteten finst det nå ein stad å gjera dette for fattige studentar.

Med det som tanken bak, inviterte studentar til sykveld måndag i regi av BTS og SP. Dette er den andre av fleire framtidige sykveldar, opne for både erfarne syfolk og dei som aldri har sett ein symaskin før.

Fleire av begge desse kategoriane møtte opp på Kronstad og gjekk heim igjen med sjølvmekka klær og julepynt. Mønster, stoff, symaskin og veiledning stilla BTS SY DEG NY med. Fleire hadde òg med seg klær heimefra til å sy om, eller fikse på.

Eline Olsbu Kittelsen, ein av initiativtakarane, fortalde om idèen som kom frå ei heimesydd jakke.

– Det var egentlig berre på bussen me satt å snakka om den kule jakka til Dagny. Eg og Ragnhild spurde kvar ho hadde kjøpt ho, og trudde ikkje på henne då ho sa den var sjølvsydd. Då sa eg at eg òg vil laga ei slik jakke!, seier Kittelsen.

Etter ei rask melding til formand i BTS (Studentersamfunnet ved Høgskolen i Bergen), Magnus Møkster, kunne dei byrja planlegginga.

Gruppa reknar med å få godtkjent SY DEG NY som undergruppe av BTS på generalforsamlinga slik at dei kan finansiera arrangementa, men har òg større mål i sikte.

– Me vil vera eit lågterskeltilbud! For ein ting er jo at folk vil sy, men du vil ikkje om du må bruka ein haug med pengar på det! Det kostar litt med stoff og symaskin, men me prøvar å halda det gratis slik at alle kan komma.

– Målet er å ha Jenny Skavlan på besøk! Ho snakkar mykje om gjenbruk, «sy noko nytt av noko gamalt». Det er jo det me vil!

Nadim K. Kahdoor og Søren Johan Snap Schnitler var blant dei som utfordra kjønnsfordelinga. Foto: Eline Kolbjørnsen/BTS Foto
Nadim K. Kahdoor og Søren Johan Snap Schnitler var blant dei som utfordra kjønnsfordelinga den fyrste kvelden. Foto: Eline Kolbjørnsen/BTS Foto

Framtida til symaskinen på HiB

Denne måndagen var ein suksess blant dei tilstades, samt onsdagen før. Neste samling er sett til om ca. to veker, slik at det ikkje kræsjar med for mange sine eksamensperiodar, samt fleire til nyåret med byrjing i januar.

Til tross for tradisjonelle framstillingar er kjønn ingen hindring for å kunna føra maskinen.

– Gøy at så mange kommer! Spesielt gøy at det kommer så mange gutter! På interesseskjema me sendte ut var det mange gutar som sa dei ville koma, men me tenkte dei berre tøysa.

 

Author: Lilly Veim Eikje