– På søndag skal eg prøve å vera flink student

Skjermbilde 2015-08-14 kl. 17.02.25
Kven er du?

– Jori Neteland-Kyte. Er 23 år, frå Voss og går tredje år på marinteknikk. Ellers sitter eg i styret for Studentersamfundet i Bergen.

 

Har du ete frokost/lunsj, i så fall kva?

– Eg har spist frukost. Det vart knekkebrød med kvitost, eit glas med appelsinjus og ein kopp kaffi.

 

Kva planer er lagt for helga?

– På fredag skal eg på internfest med Samfundet, som medfører at eg skal vera bakfull på laurdagen. På søndag skal eg prøve å vera flink student.

 

Kva er din drømmejobb?

– Har ingen akkurat no, men då eg var liten var det kokk eg ville bli. Det var fordi mamma jobba i kantinen på ein skule som utdannar kokkar.

 

Dersom du kunne reist på ferie kvar som helst i verden, kvar hadde du reist?

– Cape Town i Sør-Afrika. Eg har ikkje vore der, men har vert andre stadar i Sør-Afrika, og det er grisefint der. Så har eg lyst til å dra til Svalbard. Broren min har nettopp flytta dit og eg har tenkt meg på besøk.

 

Kva dyr ville du vore på denne destinasjonen og kvifor?

– Isbjørn på begge stadar. Hadde vore veldig artig å sett ein isbjørn i Cape Town.

 

Kven er ditt forbilde?

– Veit ikkje. Er ikkje ting eg tenker noko særleg på.

 

Kva person ønsker du å gi en shoutout til?

– Vaskepersonellet på HiB, og generelt i verden.

 

Kva hending denne uka vil du vie ekstra oppmerksomhet? (eigenopplevd eller nyheitsrelatert)

– TV-aksjonen som samlar inn pengar til regnskogfondet. BTS Bryr seg skal ha eit opplegg på søndag, Studentersamfundet skal ha loppemarknad i dag.

 

Kva er du mest stolt av å ha mestra denne uka?

– Gå heim etter berre 3 øl på tysdag.

 

Kva er ditt ultimate tacotriks?

– Har ikkje noko triks, tacoen min er veldig ordinær. Burde ha eit, men nei.

 

Korleis ser ei perfekt helg ut for deg?

– Ei helg der eg har ingenting eg må gjere, der eg kan vere bakfull ein heil dag utan å få dårleg samvit.

 

Kva er det kjekkeste med å være med i Studentersamfundet i Bergen?

– Veldig sosialt miljø. Treffe utruleg dyktige, interessante og kunnskapsrike personar.

 

Author: Simon Drønen