Populært matpakketiltak på Høgskolen

Svoltne studentar vert i går og i dag observert i Møllendalsveien og på Kronstad i lange køar. Årsaken var Studentparlamentets generøse tilbod om gratis matpakke.

Arrangementet er arrangert i samanheng med verdsdagen for psykisk helse som var måndag 10.10. Det er tredje året matpakkar vert smørja i plenum på høgskulen og Fredrik Bødtker, leiar av Studentparlamentet, forsikrar om at det heller ikkje er siste gongen.

Matpakken er ein god og gamal norsk tradisjon, godt brukt av dei fleste studentar. Fleire på i gongane på Kronstad innrømmer at det som regel går i brød eller knekkebrød, skinke, ost, salami eller litt yoghurt om ein skal skeia seg ut ein dag. Samtlige stiljar seg positive til eit smotthol i matbudsjettet og ikkje minst den sosiale biten av hendinga.

Flere studenter benyttet seg av tilbudet både i Møllendalsveien og, som vist her, på Kronstad. FOTO: Studentparlamentet ved Høgskolen i Bergen
Flere studenter benyttet seg av tilbudet både i Møllendalsveien og, som vist her, på Kronstad. FOTO: Studentparlamentet ved Høgskolen i Bergen

Kvifor akkurat matpakke?

Sjølv om mange set pris på gesten frå Studentparlamentet er fleire nyfikne på kva som ligg bak, som ein ofte er når ein får noko utan eigne kostnadar. Bødtker og dei andre i rosa er ikkje vanskelige å spørja om emnet;

– Det er ikkje vanskeleg å sjå smila i matkøen. Samstundes er det fleire som lurar på kvifor me gir vekk mat. Det er ikkje der hovudfokuset ligg, men om dei spør svarar me slik at dei får det med seg dei rundt òg. Det er alltid gøy med hyggelige ting ein kan gjera for andre.

Bødtker peikar på SHoT-undersøkinga frå 2014 som viste at 20 % av dei 30 000 medlemmane i Studenter i Bergen rapporterte om alvorlege psykiske symptomplager.

– Å få matpakke med ei lita helsing på er alltid kjekt. I tillegg er mat sentralt når det kjem til psykisk helse. Det å smørja matpakke med andre gjer det heile til ein sosial ting. Me håpar dette arrangementet kan minna folk på gjera noko godt mot andre.

Møllendalsslunsj

I kontrast til Kronstad vert arrangementet ein liten utfordring i Møllendalsveien for SP ettersom maten haldt seg i 4.etg. Til tross for dette vert 500 rundstykke gjeve vekk og mykje glede spreidd.

Økonomi- og administrasjonsstudentane Juni-Beate Thorvaldsen og Bjørn Olav Østeby var svært begeistra for mandagskosten:

– Det var ubegrensede mengder gratis mat, som bare stod der utenfor forelesningssalen. Det var fantastisk! Jeg forsynte med minst tre ganger før jeg sa meg fornøyd. Det ble mer som en stående buffet enn matpakke, seier Østeby.

– Jeg så arrangementet på Facebook og så tenkte jeg; gratis lunsj, det vil jeg selvfølgelig gjerne ha. Det ver deilig! Gratis lunsj for studenter på en mandag gir et lite løft i en ellers stressende studiehverdag. I tillegg kan det minne folk på og få flere til å snakke om psykisk helse, seier Thorvaldsen.

Å dele med andre

Både Østeby og barnehagelærarstudenten Kristine Sævig Frantzen var godt nøgd med innsatsen til arrangørane for eit viktig bodskap:

– Studentparlamentet viste seg virkelig fra sin beste side. Jeg likte veldig godt det som ble skrevet på matpakkepapiret. Lena Byrkjeland tok seg tid til å skrive en liten tekst på matpakkepapir som lå klart for studentene. Det var veldig hyggelig. Psykisk helse er utrolig viktig, og jeg synes det er veldig positivt at de velger å markere dagen med et sånt arrangement, seier Østeby.

Frantzen seier seg einig.

– Jeg synes det var kjempebra opplegg! Også det at de har det både på Møllendal og Kronstad er bra. Folk blir mer sosiale, de får vite mer om SP og ikke minst liker alle gratis rundstykke. Jeg synes det er veldig bra initiativ.

Arrangørane sjølv oppfordrar til å fortsettje å dela matpakka med andre og prøva å bidra med små lyspunkt i studentkvardagen. Likeeins lovar SP at dei skal dela meir gratis mat rundt eksamenstider.

Les meir:

http://www.kontrast1.no/vt-bystyret-ma-ta-studenters-psykiske-helse-pa-alvor/

 

Author: Lilly Veim Eikje