Roper varsko om nasjonal deleksamen

Det har lenge vore diskusjon rundt tema deleksamen i matematikk og om studentane ved grunnskulelærarutdanningane skal ha den tilhøyrande karakteren på vitnemålet.
Etter regjeringa si avgjerd om å vedta nettopp det forslaget frå NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) har fleire reaksjonar kome fram.

Leiar for Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet (interesseorganisasjon for studentar som tek ulike lærarutdanningar, journ. anm.), Silje Marie Bentzen, er ikkje nøgd med avgjerda til Kunnskapsdepartementet.

– Vi er alvorleg bekymra for at regjeringa, i sitt einsidige fokus på å detaljstyre og rangere lærerutdanningene, glemmer det verkelege målet – å utdanne gode lærarar.

Ser mørkt på framtida til lærarar og elevar

I eit nyhendebrev frå Pedagogstudentene om det å prioritera deleksamen framfor eksamen vert det klart gjeve uttrykk for at det strid med prinsippet om samanheng mellom ynskja læringsutbytte, undervising og vurdering.
Konsekvensane av dette, legg ho til, er rett og slett gir dårlegare mattelærarar og som til slutt vil gå ut over elevane i framtida.

Grunnskulelærarstudent Maja Emilie Steen ved HiB har tidlegare gitt uttrykk for bekymring for same situasjonen, begge med vekt på at å vektleggja nasjonal deleksamen på lik linje med, eller over lokal eksamen er på fleire måtar å styra over autonomien utdanningsinstitusjonane og undergrava sjølve fagplanane og eksamenane.

Hensiktslaus karakter på vitnemålet

Leiaren av Pedagogstudentene visar til at deleksamen berre dekkjar eit smalt tema, heilt kopla vekk frå det forventa læringsutbyttet og undervisinga til utdanninga.

– Derfor mener vi at resultatene ikke gir valid kunnskap om studentenes kunnskapsnivå, og hverken er egnet til å sammenligne fagmiljøene og til å drive kvalitetsutvikling, uttalar Bentzen som ei referanse til hensikta med prosjektet som ho meinar NOKUT har bomma på, nemleg å:

  • Gje nyttig informasjon om kunnskapsnivået til studentane
  • Gje fagmiljøa mogleiken til å samanlikna seg sjølv med tilsvarande fagmiljø ved andre institusjonar, og som igjen skal gje miljøa grunnlag for utvikling
  • Bidra til auka tillit til utdanningane i samfunnet
Torbjørn Røe Isaksen er opptatt av at flere studenter må fullføre sine studier. Foto: Martin Furland
Torbjørn Røe Isaksen meiner at resultata må telle på vitnemålet. Foto: Martin Furland

Studentar i opprør

Ytringane til lærarstudentane ser me står i stor kontrast til pressemeldinga som kom på sundag som ein kan sjå hadde fleire grunngjevingar for vedtaket.

Kunnskapsministeren legg òg vekt på nettopp integriteten til deleksamen som samanlikningsgrunnlag for lærarudanninga på nasjonalt nivå. Begge er einige om at situasjonen til no ikkje har vore ideal, men medan Bentzen vil at regjeringa skal revurdera avgjerda, seier Torbjørn Røe Isaksen tydeleg:

– Hvis deleksamen skal ha troverdighet og brukast i arbeidet for å heve kvaliteten på lærerutdanningane, må resultata telle på vitnemålet.

Bakgrunn:

Slutt på nedprioritering av deleksamen

Vil at nasjonal deleksamen skal telle på sluttkarakteren

Author: Lilly Veim Eikje