Set One’s Cap med ny singel i morgon

Singlecoveret til Don´t you wanna know.
Singlecoveret til Don´t you wanna know.

Dei spelte under fadderveka 2015 med stor suksess og er no klare med ny singel «Don’t You Wanna know» som sleppes 26. Februar, det er sjølvsagt snakk om Set One’s Cap. Eg har vore så heldig å få høyre låta i forkant av utgivnaden og er ikkje skuffa.

Låta startar med eit sterkt funk preg over seg, noko som heldt seg gjennom heile låta. Kan minne litt om «Get lucky» av Daft Punk, utan at det vert for likt. Vokal prestasjonen er solid gjennom heile låta, men kjem fram som best under refrenget. Det instrumentale leverer særs godt og produksjonskvaliteten er høg. Ein får gjerne ei god sommarkjensle gjennom det heile.

Med ein melodi som fenger og eit refreng som sett seg på hjernen, har «Don’t You Wanna know» gode utsiktar for å bli ein hit. Hold auge og øyre opne i morgon.

Les anmeldelsen av Set One’s Cap i fadderuken.

Author: Nadim Khadoor