Slutt på nedprioritering av deleksamen

Kunnskapsdepartementet kom sundag med ei pressemelding om at den omstridde deleksamen i matematikk no skal telja på sluttkarakteren.

Nasjonal deleksamen byrja som eit moglegheitsstudie og pilotprosjekt for å kartlegging, samanlikning mellom ulike institusjonar som hjelp til utvikling og som eit bidrag til auka tillit til utdanningane i samfunnet.

Det var oppdraget NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) fekk av Kunnskapsdepartementet i september 2014.

Dette prosjektet har utvikla seg raskt i løpet av dei siste to åra, og har gått frå å vera ei kartleggingsprøve til å no bli teljande på vitnemålet til ikkje berre sjukepleierar og revisorar, men òg grunnskulelærarar.
Det har tidlegare òg vore snakk om å erstatta lokalgjeve eksamen med nasjonal deleksamen, noko som foreløpig ikkje er vedteke.

Motverka nedprioritering av deleksamen

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen grunngjev Kunnskapsdepartementet si avgjerd i pressemeldinga først og fremst som eit tiltak for at studentane skal prioritera denne eksamenen ettersom det er eit viktig verktøy for å utvikla kvaliteten på lærarutdanningane.
Slik vil NOKUT motverka den byrjande tendensen til nedprioritering av deleksamen for å gje deleksamen truverdet det treng for å kunne bli brukt i vidareutviklinga av studiane.

Underbyggande argument for denne avgjerda finn me i statistikken i pressemeldinga som visar at strykprosenten i mai 2015 låg på 37% og berre 6,6% fekk karakteren A eller B. Som er ein god del høgare enn dei 10,4% som strauk på første deleksamen i matematikk i desember 2015 då 28,3% fekk A eller B.

Til samanlikning kan me igjen sjå på karakterfordelinga ved Høgskolen i Bergen i mai, der snittkarakteren var C og ca. 5 prosentpoeng mindre D og F.

Studentar mot avgjerda

I løpet av denne prosessen har fleire synspunkt på saken kome fram, og Maja Emilie Steen Spetaas, student på grunnskulelærarutdanninga HiB meiner derimot at ved å la deleksamen bli teljande visar NOKUT mistillit til utdanningsinstitusjonane.

Les meir:

Pressemeldinga: Pressemeldinga til Kunnskapsdepartementet

Relatert: Nasjonal deleksamen hører ikke hjemme på vitnemålet

Statistikk HiB: Vil at nasjonal deleksamen skal telle på sluttkarakteren

Author: Lilly Veim Eikje