Sveitte skiver og knust pc

Skjermbilde 2015-08-14 kl. 17.02.25

I eit hjørne på Studenthuset på campus Kronstad sitt Fredrik Kvist. 22-åringen kjem frå Austevoll, og går andreåret på kommunikasjonsteknologi ved Høgskulen. Han er også ein av dei som jobbar med HiBstudent.no. Og kva gjer han der?

– Eg gjer det Eirik (Kjevik, red.anm.) fortel, sier han.

 

Har du ete frukost/lunsj, i så fall kva?

Til frukost åt eg fire sveitte skiver, to med leverpostei og to med brunost. Til lunsj vart det to nye sveitte skiver, ei med leverpostei og ei med brunost.

 

Kva planer er lagt for helga?

Eg skal jobbe på Bohus, og så skal eg sjå fotball. Det blir kanskje ein tur på Halloween-fest på Kronbar.

 

Kva er din draumejobb?

Leder for HiBStudent med Eirik som mi høgre hand. Neida, ei jobb med reising, helst til eksotiske eller utilgjengelige plassar.

 

Dersom du kunne dratt på ferie kvar som helst i verda, kvar hadde du dratt?

Nordpolen hadde vert kult, for det er urørt natur, og ikkje norske kjøttkaker som i syden.

 

Kva dyr ville du vert på denne destinasjonen og kvifor?

Elefant. Då hadde eg slept å sette meg ned for å drikke vatn.

 

Kven er ditt forbilde?

Har ikkje noko forbilde no, men då eg var liten var det Ole Gunnar Solskjær. Han spelte fotball for Manchester United som var perfekt for ein norsk gut på åtte år som ikkje visst betre.

 

Kva person(er) ynskjer du å gje ein «shoutout» til?

Mine medstudentar. Hadde ikkje overlevd studiekvardagen utan dei.

 

Kva hending denne veka vil du vie ei ekstra merksemd? (eigenopplevd eller nyheitsrelatert)

Kaffimaskinene i kantina. Du smakar forferdelig, men du reddar liv.

 

Kva er du mest stolt av å ha meistra denne uka?

Eg klarte å knuse min nye PC etter berre fire dagar.

 

Kva er ditt ultimate tacotriks?

Så lenge det er taco på bordet er eg fornøgd.

 

Korleis ser en perfekt helg ut for deg?

Den er fri frå skule og arbeid, fotball på fjernsynet, mat på bordet og øl i kjøleskapet. Då er Fredrik fornøgd.

Author: Simon Drønen