«Team Me» inntar Campus Kronstad

Laurdag den 22. august kjem ingen ringare enn «Team Me» til Campus Kronstad og saman med «Hvitmalt Gjerde» skal dei gje både fadder, fadderborn og den nyfikne studenten ei avslutning på fadderveka dei seint kjem til å gløyme. Etter både stemningsrapportar og underteikna si eiga erfaring, har dette årets fadderveke vore veldig vellykka. Det kan dermed bli ei krevjande oppgåve å overgå dei tidlegare arrangementa, men etter alt å dømme er dette noko «Team Me» og «Hvitmalt Gjerde» kjem til å klare og vel så det.

 

Team me består av Marius Drogsås Hagen, Bjarne Ryen Berg, Simen Schikulski, Simen Sanbæk Skari, Uno Møller og Elida Inman. Dei går på scena til slutt på laurdag og set eit verdig punktum på fadderveka ved Høgskulen i Bergen. I den samanheng har me tatt oss ein prat med bandet.

Korleis starta dykk opp? Kven av medlemma var initiativtakar?

-Team Me var eigentlig berre eit namn Marius satt på musikk han laga som ikkje passa inn i banda han var med i før. Han la ut nokre av låtane på Urørt, og den eine blei plutselig med i Urørtfinalen i 2010. Han ville ikkje spele åleine, så då ringde han nokre folk og lurte på om dei ville være med. Både musikken og bandet er ganske annleis enn det det var den gongen.

Når man opnar kjøleskapet på morgonen og det luktar litt rart av eit eller anna man åt i går.

Korleis vil dykk sjølv beskrive lydbilete dykkar?

-Overdrevent stor orkestrert popmusikk. Eller noko.

03 TeamMePortraitsByArnfinnJohnsenWeb

Kvar hentar dykk inspirasjon frå?

-Overalt. Musikk, dyr, iskrem, bøker, skogen, grasklipping, når man opnar kjøleskapet på morgonen og det luktar litt rart av eit eller anna man åt i går, film, vedfyring, sure pianoar, alt for sterk kaffi, du veit…

Kan dykk skildre den kreative prosessen dykkar?

-Det er litt forskjellig, men slik det gjekk for seg på Blind As Night: Marius laga mange demoar, alt frå ganske ferdige låtar, til låtar som bare bestod av vers og refreng, eller låtidéar som var enda mindre ferdige låtar. Me tok med desse inn i studio, der me då saman arrangerte/gjorde ferdig låtane og spilte inn alt på nytt.

Korleis påverkar musikken songtekstene dykkar? Eventuelt korleis påverkar songtekstene, musikken?

Det er ein veldig kontrast der, mellom tekst og musikk.

-Det som ofte er tilfelle i Team Me-låtar, er at musikken kan verke glad og sprudlande. Dersom ein ikkje leser eller høyrer nøye på tekstane, så får ein eigentlig ikkje med seg kor triste og mørke mange av låtane eigentleg er. Det er ein veldig kontrast der, mellom tekst og musikk. Dersom ein går litt djupare inn i låtane, så blir kanskje mange av dei enda meir intense og ikkje fullt så glade som ein hadde trudd.

Har dykk i bandet ein eigen favoritt låt blant dykkar eigne? I så fall kva skil den frå dei andre?

-Det er litt vanskelig å seia sidan me aldri heilt får høyrd musikken utanfrå, på same måte som me høyrer anna musikk. Ein får eit litt anna perspektiv på det, etter ein har sete i studio altfor lenge og høyrd låtane altfor mange gonger. Eg veit i alle fall at fleire av oss er veldig glad i dei litt mørkare låtane våre, som for eksempel Favorite Ghost og Blind As Night. Det er ein veldig mørk side av Team Me også, som dei som berre har høyrd Team Me på radio eller på festivalar kanskje ikkje heilt får med seg. Er kanskje disse låtene me mange gonger synes er mest spennende å spele live også.

Korleis har det å vinne spellemannspris påverka iveren til det å være musikar? Har det påverka dykk i det hele tatt?

-Det var utrolig kult, og ein veldig rar og stolt følelse då me blei ropt opp i salen under prisutdelinga den gangen. Det er jo noko som ligger langt bak i bevisstheten, å vinne Spellemannsprisen, når man starter punkband på ungdomsskolen og skal bli rockestjerne. Det gir jo sjølvsagt inspirasjon til å drive med musikk når man blir annerkjend for det man har gjort, men det går jo på ein måte litt fort over også. Ein må jo bare fortsette, lage ny musikk og håpe på at folk fortsatt er med deg vidare. Er nok ingen av oss som går rundt og tenker på at me har vunne ein Spellemann. Då stopper det seg fort, trur eg.

Til slutt, korleis vil medlemma sjølv beskrive kvarandre?

-Bjarne er Chewbacca, Skari er hunk-versjonen av Langbein, Elida er både rødhette og ulven fra Rødhette og Ulven eventyret, Marius er Dr. Emmett Brown, Simen er Conor Oberst og Uno er Danger Mouse. Slik cirka i alle fall.

 

Author: Kontrast1

Kontrast1.no er Høgskolen i Bergen og BTS sitt nye nettmagasin. Vi er her for å bidra til en studenttilværelse verdt å fortelle barnebarna!

Kontrast1

Kontrast1.no er Høgskolen i Bergen og BTS sitt nye nettmagasin. Vi er her for å bidra til en studenttilværelse verdt å fortelle barnebarna!