Utfordringa: Streetdance

Førre veke fekk eg ei melding frå redaktør-Ingvild som fekk nakkehåra til å reise seg. Den lød: «Jeg utfordrer deg til å være med på en streetdance-time denne uka!». For ein som berre har erfaring frå fylledans og knapt nok det, var det ikkje mange utfordringar som kunne vore verre. Sjølvsagt vart eg plassert heilt framme slik at alle skulle sjå kva definisjonen på udugeleg er for noko.

Eg vil sende utfordringa vidare til vår kjære nyheitsredaktør Martin Furland, som skal få vere med på ei av treningane til HiBI Handball. Full innsats og skruballar som får Harald Bredeli til å snurre på barten er noko av det me vil sjå!

Sjå utfordringa her:

 

Author: Simon Drønen