Velkomen til Vestlandshøgskulen

Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund har avtale om gjennomføring av fusjon klar. Dei ulike styra skal gjere endeleg vedtak torsdag 9. juni.

Den nye høgskulen får truleg navnet Vestlandshøgskulen, og skal ha nynorsk som sin målform. Det er einigheit om at alle partane skal vere likeverdig i fusjonen, og ingen studiestader skal leggjast ned i samband med fusjonen. Studiekvalitet og arbeidsvilkår skal ha fokus, og verksemda ved høgskulane skal gå mest mogleg normalt i prosessen.

Bergensrektor

Rektor skal halde til i Bergen, mens dei øvrige regionane skal ha ein prorektor tilstades med ansvar for sin region. Denne rektoren skal tilsettast, og ikkje veljast av ansatte og studentar slik det tidlegare har vore i Bergen.

Den nye Vestlandshøgskulen skal óg ha fokus på intern rekruttering ved tilsetjing av leiarar i den første perioden for Vestlandshøgskulen. Tilsetting i faglege og administrative leiarstillingar skal skje etter kvalifiksasjonsprinsippet.

Nye studentorgan

Studentrepresentasjon i styre, råd og utval blir forvalta av eit nytt felles studentorgan for Vestlandshøgskulen oppretta av studentane sjølve etter lov om universitet og høgskolar. Alle tre nærregionane skal vere representerte i studentorganet, heiter det i dokumentet.

Vestlandshøgskulen lovar å leggje til rette for gode rammevilkår for studentane i fusjonsprosessen, og for arbeidet med å etablere eit felles studentdemokrati. Samtidig skal alle studentar ha rett til å fullføre studieprogram dei har byrja på ved den studiestaden der dei starta før fusjonstidspunktet.

 

Author: Martin Furland