Vinterleikene 2016

Vinterleikane er blitt ein tradisjon i BTS – Studentersamfundet ved Høgskulen i Bergen og blei arrangert for første gong i 2010. Med rundt 850 deltakarar som tek seg inn i Hemsedal frå søndag til onsdag, er oppgåva å arrangere og utføre dette ikkje reint liten. Då er det viktig med eit godt styre og ei god arbeidsgruppe.

Årets leiar for BTS Vinterleker er Pia Helen Våge. Foto: Sondre Gjøen
Årets leiar for BTS Vinterleker er Pia Helen Våge. Foto: Sondre Gjøen

Denne gongen var det Pia Helen Våge som stod bak roret, og har styrt årets vintereventyr med ei stødig hand, med eit godt styre i ryggen. Eg var så heldig å få delta på vinterleikane for andre gong og i den anledninga tok eg meg ein liten prat årets leiar, Pia Helen.

– Dagen i dag er søndag, me har stått på frå morgon av, lagt ut alle matposane og jobba som ein liten nissefabrikk, det var veldig kjekt. Alle frå HS (hovudstyret i BTS) har hjulpet til og det gjekk smertefritt. Så stilte me oss på busshaldeplassen og gjorde oss klar til å ta imot alle dei 850 studentane, det var heilt magisk. Det var ein av dei betre tinga eg har gjort, fordi det var så kjekt å sjå når alle bussane kom inn. Alle er i hus og har byrja å få banda til arrangementa, sier Våge.

Har dagen møtt forventningane dine som leiar? Føler du at du har nådd målet ditt?

Ja, absolutt! Det er minimalt med ting som har gått gale. Det har berre vore små ting som har oppstått og blitt fiksa. Eg hadde ikkje trudd at det skulle bli ein så bra dag. No gler eg meg til å gå inn på utestedet etterpå og sjå koken på golvet og kjenna litt på stemninga.

Ho fortel at gjengen bak arrangementet verkeleg har stått på, og at ho kjenner seg på topp.

– Eg er berre sliten, tilføyer ho.

 God stemning blei det utover kvelden og dag nummer ein gjekk alt i alt knirkefritt.

I bakken kunne ein delta i konkurransar. Foto: Sondre Gjøen
I bakken kunne ein delta i konkurransar. Foto: Sondre Gjøen

Dag nummer to var eg så heldig å gå vakt, noko kroppen sårt trengde. Været var fint og forholda i løypene gode, har eg i alle fall blitt fortald. Første ting på agendaen for dagen var bakkearrangement med gratis pølser og rail-konkurranse. Ikkje lenge etter var det på tide med dagens afterski, noko som er kjend for øldynking og borddansing. Som vakt gjekk me rundt omkring i hyttene og passa på at folk hadde det bra, kosa seg og ikkje sov i snøen. Det var også duka for konsert med Freddy Kalas på kvelden, og etter alt å dømme var folk særs nøgd med den. Kvelden som vakt gjekk overraskande bra i forhold til korleis me trudde det skulle gå.

Dag nummer tre starta med nok eit bakkearrangement, denne gongen med både redbull, øl, pølser og akekonkurranse; stor ståhei der altså. Dette var dagen for utkledningsfest og årets tema var barndomsheltar. Her var det mykje rart og mykje flott å sjå på utkledningsfronten, alt i frå Batman til Thomas-toget, som eg trur vant ein konkurranse, han var i hvert fall på scena og dansa «togdansen». Kveldens musikk var levert av DJ Sjur og DJ Stisema.

Etter tre lange dagar (fem for nokon), var det på tide å reise heim igjen. Alltid litt trist å reisa frå ei slik oppleving, men i enden har man godt av det.

Foto: Sondre Gjøen
Foto: Sondre Gjøen

Author: Nadim Khadoor