– Vokalen drukna litt i musikken

Laurdag 16. april blei Jaa9 & OnklP, samt Cezinando, ynskja velkommen til den fagre scena på Kronbar. Jaa9 & OnklP er nokre av dei store namna innanfor norsk Hip-hop, og med årets vinnar av Urørtfinalen som support skulle ein tru det var reine ghettoen på kronstad denne kvelden. Det skal seiast at det var innleidd eit eksternt anlegg til og med Koengen ville synes var noko overdriven. Sjølv om anlegget til Kronbar skulle vere meir enn godt nok, det har det absolutt vore på tidlegare konsertar, blei krevja eit anna anlegg.

Cezinando går på rundt 22:30, og det er nokså folksamt framfor scena. Eg er ikkje særleg kjend med musikken til Cezinando frå tidlegare av, og blei diverre ikkje særleg betre kjend med den laurdagskveld. Eg er gjerne ikkje den mest egna til å bedømme hip-hop, sjølv om eg liker å høyre på det i ny og ne. Sjølve vokalen drukna litt i musikken og det blei vanskeleg å tyde kva som blei sunge/sagt(?) dermed forsvinn litt av poenget med rap, der teksten gjerne er det viktigaste å få fram. Det mangla derimot ikkje noko på entusiasmen til Cezinando, og han gjorde seg godt på scena. Eg håpar å få sett han igjen med litt betre lyd.

Jaa9&OnkelP. Foto: Lars Kristian Steen
Jaa9&OnkelP. Foto: Lars Kristian Steen

Då Jaa9 & OnklP går på scena, løftar stemninga seg godt opp og det er tett med folk framføre scena. Dette er særs scenevande karer og dette synes gjennom heile konserten. Dei spelte både kjende låtar som «Kjendisparty» og «Glir forbi», samt mindre kjende låtar. DJ-en dei hadde med seg, som eg diverre ikkje hugsar namnet på, var også særs god. Eg tykkjer konserten blei noko i kortaste laget for ein headliner og skulle gjerne sett meir. Dei hadde diverre også same problem som Cezinando, då musikken ofte drukna ut vokalen.

Vanlegvis vel eg å ikkje legge altfor mykje vekt på det lydtekniske på konsertar, det bør alltid nemnast, men denne gongen var det gjennomgåande skuffande kvalitet på lyden, noko som for meg sette konsertopplevinga ned ein smule. Lyssettinga for kvelden var derimot vel utført.

 

Author: Nadim Khadoor