Wishingwell: Poteter og Kardashians

«Wishingwell» er eit Trondheimsbasert band som i slutten av august slapp ny singel, «Bigger». Ein undrar seg gjerne kvifor Kontrast1 vel å prate om eit band som heldt til i Midt-Noreg, når me sjølv heldt til her i Bergen. Det har seg nemleg slik at eit av medlemma i «Wishingwell» er student ved Høgskulen i Bergen. Nærare bestemt Jonas Kløvjan, som er gitarist og backupvokalist i bandet. Det skal også vidare nemnast at Jonas er med i Høgskulekorpset «Teknolikken» der han spelar klarinett og eg har sjølv spelt med han i høgskulerevyen der han spelte både klarinett, banjo og tangentar. Han er det ein på det musikkfaglege språket vil kalle ein potet, eller ein søtpotet som han sjølv påpeiker.

Jonas Kløvjan. Foto: Simon Drønen
Jonas Kløvjan.
Foto: Simon Drønen

Eg treff han i sofakroken på linjeforeningskontoret for å få vite litt om bandet, singelen og innspelingsprosessen. Ein treffande setting for eit musikkrelatert intervju, då dei heldt på å gjera klart for tysdagens jam inne på kronbar og ein kan høyre ein og annan gitar bli klimpra på. Singelen «Bigger» har bandet spelt inn her i Bergen i «Tinnitus studio» med produsent Bjarte Hoff Ludvigsen, som er tidlegare produsent for blant anna Ephemera, William Hut og Major Parkinsons.

– Me spelte inn låta i løpet av ei helg og fekk gode tilbakemeldingar frå produsenten.

Foreløpig står «Bigger» for seg sjølv som ein singel, men det vert ikkje lagt skjul på at ei lengre utgivnad er planlagt i nærare framtid. Innspelingsprosessen blir beskrive som svært positiv og bandet spelte først inn låta som ein heilhet saman, for så å deretter «tracke» bitane individuelt etterpå.

– Medan éin satt og spelte inn, satt resten og spelte playstation eller såg på The Kardashians, for å få tida til å gå.

Vidare blei miksen sendt til Sverige, der dei fekk igjen to versjonar. Ein master og ein singback versjon, som vil seie at bandet til og med er klare for TV-skjermen.

Det at bandet er basert i Trondheim, medan Jonas bur i Bergen kan sjølvsagt by på litt problem med tanke på øvingar og den slags.

– Skype-øvingar fungerer ikkje så godt har me funne ut.

Bandet har tidlegare hatt helgebaserte samlingar, men i litt mindre grad den siste tida. Fokuset har lagt på å få spelt inn singel, som dei håpar kan vere ein måte å skape interesse på og å skaffe spelejobbar, noko som har vist å fungere så langt. Bandet har nokre konsertar i Trondheimsområdet planlagt og håpar å få komme seg til Bergen snart.

Kløvjan beskriver sjangeren til bandet som ei blanding av Queen, The Killers og Kent mellom anna. Kort oppsummert  ein form for stadiumrock som han sjølv kallar det.

Vokalist Ålve Egilsønn Moe. Foto: Wishingwell
Vokalist Ålve Egilsønn Moe. Foto: Wishingwell

– Vokalisten er veldig fan av Freddie Mercury, og han har litt same «attituden» i både stemma og i scenetekka.

Bandet består i sin heilhet av Ålve Egilsønn Moe på vokal, Stig Johansen på synth og piano, Erik Haugen på trommer, Knut Finsaas på bass, og sjølvsagt Jonas Kløvjan på gitar. Alle bidreg med koring. Dei studerte saman på Høgskulen i nord- Trøndelag, der dei opprinneleg starta opp med fleire medlemmar og eit anna, litt meir rett fram «rock n’ roll» uttrykk.

– Me følte det blei litt keisamt og ikkje særleg publikumsvenleg. Me ville fokusere på å få liveuttrykket inn i studioet.

Bandet var først kjend som The Wishing well, men blei endra i siste liten til Wishingwell for å enklare kunne søke opp bandet på Spotify, der låta blir sluppen i løpet av kort tid. Foreløpig ligg låta på Wimp og bandet har allereie ein singel på Spotify, samt ein musikkvideo du kan sjå og høyre her:

Ved spørsmål om han vil tilføye noko til slutt, har Jonas dette å seie:

– Lik oss gjerne på facebook, og ikkje minst høyr på låta vår!

Her kan de óg trykke innpå for å besøke urørt sida til bandet:
http://urort.p3.no/#!/Band/wishingwell

Author: Nadim Khadoor